Om tenesta

Nettskolen Trygg Trafikk er ein digital kursportal utvikla og drifta av Trygg Trafikk. Portalen tilbyr nettkurs for valfaget trafikk på ungdomstrinnet. Gjennom kurset får elevane kunnskap og forståing for samanhengar mellom åtferd, risiko og tryggleik i trafikken, med mål om å styrka haldningar, ansvar og trafikkforståing.

Plattform
Bruksområde
Er tenesta godkjent?
Tenesta er godkjent for bruk i Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand.
Kva kommunar bruker tenesta?
Innlogging
Feide
Lagring
Filene blir lagra i skyteneste hjå leverandør
Lisensmodell
Tenesta er gratis
Personopplysningar
  • Tenesta lagrar personopplysningar
  • Følgjande brukarar blir registrerte i tenesta: elevar, tilsette
  • Følgjande personopplysningar blir lagra i tenesta: namn, e-postadresse, målform, brukarnamn, rolle, eining, organisasjon, fagleg progresjon
Databehandlarar
  • Leverandør: Trygg Trafikk
  • Underleverandør(ar): Inkrement AS, Microsoft Azure, FreshWork
  • Personopplysningar blir ikkje utleverte til tredjepart.
  • Personopplysningar blir ikkje overførte til tredjestat.
Sikkerheitstiltak
  • Organisatoriske sikkerheitstiltak: person/rolle med ansvar for informasjonstryggleik, registrering og oppfølging av avvik, inngått avtale med leverandør, systemansvarleg i kommunen
  • Tekniske sikkerheitstiltak: passordbeskyttelse, tilgangsavgrensing
Personvernstatus
  • Leverandørerklæring
  • Gjennomført innleiande vurdering?
  • Gjennomført risiko- og sårbarheitsvurdering?
  • Gjennomført vurdering av personvernkonsekvensar?
    N/A
  • Signert databehandlaravtale?
    Hjelmeland
Personvernombod
Personvernprinsippa

Kva er behandlingsgrunnlaget?
Nødvendig for å utøva offentleg mynde.

Tenesta er eit digitalt læremiddel, slik dette er definert i opplæringslova §§ 15-3 og 15-6. Som skuleeigar har kommunen ansvar for å ta i bruk eigna læremiddel for å oppfylla læreplanane og gjennomføra opplæring i tråd med opplæringslova. For at læremiddelet skal fungera etter føremålet, må det behandlast personopplysningar om elevar og lærarar, mellom anna for innlogging, tilgangsstyring og arbeid med faglege oppgåver. Denne behandlinga er ein integrert del av undervisninga og vurderingsarbeidet, og er difor ein del av kommunen si lovpålagde utøving av offentleg mynde.

Kommunen behandlar personopplysningar for å kunna bruka Nettskolen Trygg Trafikk til å gjennomføra undervisning i valfaget trafikk på ungdomstrinnet. Personopplysningane blir lagra for å gje tilgang til kurset, administrera deltakarar, gjennomføra opplæringa, følgja opp progresjon og vurdera arbeid knytt til kompetansemåla i faget. Dette omfattar mellom anna identifisering av brukarar, rolle- og tilgangsstyring, samt lagring av kurshistorikk og oppgåvesvar. Behandlinga er nødvendig for at kommunen skal kunna oppfylla sitt lovpålagde ansvar for opplæring etter opplæringslova, og skjer som ein del av utøvinga av offentleg mynde innan grunnskuleopplæringa.

Blir personopplysningane brukte til…

… kontrollføremål (skatt, NAV, toll, politi, forsikring)?
… systematisk og omfattande analyse av personlege aspekt?
… avgjerder som får betydning for den registrerte?
… profilering av den registrerte?
… avdekka ukjende sider eller mønster?
… vidarebehandling til nye formål (t.d. forsking)?
Risiko- og sårbarheitsvurdering

Det er ikkje identifisert risikoar knytt til konfidensialitet, utover det som allereie er vurdert på overordna nivå og i vurderinga av personvern i Feide.

Det er ikkje identifisert risikoar knytt til integritet, utover det som allereie er vurdert på overordna nivå og i vurderinga av personvern i Feide.

Det er ikkje identifisert risikoar knytt til tilgjengelegheit, utover det som allereie er vurdert på overordna nivå og i vurderinga av personvern i Feide.

Revisjonsfrist
Frist for å revidera tilgjengelegheitserklæringa: 30.01.2027
Strand kommune
Vel målgruppe: