Personvernrisiko
Låg – Det blir berre lagra personopplysningar for å gje tilgang til tenesta (namn, e-postadresse, brukarnamn, skule).
Trivselsleder er ei digital løysing knytt til Trivselsleder-programmet i skulen, som har som mål å styrkja trivsel, inkludering og fysisk aktivitet i både timar og friminutt. Tenesta blir brukt av skular til å administrera ordninga, mellom anna ved å registrera kontaktpersonar ved skulen, organisera deltaking i programmet og leggja til rette for aktivitetar og oppfølging av Trivselsleder-arbeidet.
Låg – Det blir berre lagra personopplysningar for å gje tilgang til tenesta (namn, e-postadresse, brukarnamn, skule).
Lagring
Sletting
Informasjonstryggleik
Kva er behandlingsgrunnlaget?
Nødvendig for å utøva offentleg mynde.
Trivselsleder blir brukt av dei tilsette ved skulen som del av arbeidet med å leggja til rette for eit trygt og inkluderande skulemiljø, og for å organisera aktivitetar i friminutta. Dette er oppgåver som ligg innanfor skulen sitt samfunnsoppdrag og ansvaret skulen har etter opplæringslova for å fremja trivsel, inkludering og eit trygt og godt skulemiljø for elevane.
Behandlinga av personopplysningar om tilsette, er nødvendig for å administrera deltaking i ordninga, oppretta brukarkontoar, gje dei tilsette tilgang til tenesta og leggja til rette for kommunikasjon mellom skulen og leverandøren av programmet.
Behandlinga er avgrensa til opplysningar som er nødvendige for å gjennomføra og følgja opp Trivselsleder-programmet, og skjer som ledd i skulen sitt ordinære arbeid med å legga til rette for eit trygt og godt skulemiljø.
Føremålet med behandlinga av personopplysningar i tenesta, er å administrera og gjennomføra Trivselsleder-programmet ved skulen. Personopplysningar blir behandla for å oppretta og forvalta brukarkontoar, knyta brukarar til rett skule og rolle, og leggja til rette for kommunikasjon og oppfølging mellom skulen og leverandøren av tenesta.
Opplysningane blir vidare brukte til å administrera deltaking i ordninga, halda oversikt over kontaktpersonar og brukarar ved skulen, og sikra at skulen får tilgang til ressursar og støtte knytte til gjennomføring av Trivselsleder-aktivitetar. Behandlinga er avgrensa til opplysningar som er nødvendige for drift og oppfølging av Trivselsleder-programmet.
Blir personopplysningane brukte til…
| … kontrollføremål (skatt, NAV, toll, politi, forsikring)? | – |
| … systematisk og omfattande analyse av personlege aspekt? | – |
| … avgjerder som får betydning for den registrerte? | – |
| … profilering av den registrerte? | – |
| … avdekka ukjende sider eller mønster? | – |
| … vidarebehandling til nye formål (t.d. forsking)? | – |
Risiko: Personopplysningar om brukarar (namn, e-post og Feide-identitet) kan bli tilgjengelege for uvedkomande dersom tilgangen i systemet blir feil konfigurert eller ein konto blir misbrukt.
Konsekvens: Middels. Opplysningane er i hovudsak kontaktinformasjon, men gjeld elevar og tilsette og skal derfor vernast.
Sannsyn: Låg. Tilgangen er avgrensa til administratorar og brukarar som er lagt til av skulen.
Tiltak:
Klår rolle- og tilgangsstyring for brukarar ved skulen.
Jamleg gjennomgang av kven som har administratorrettar.
Bruk av Feide-identitet for autentisering.
Rutinar for å deaktivere kontoar som ikkje lenger er i bruk.
Rest-risiko: Låg. Med tydeleg tilgangsstyring er risikoen avgrensa.
Integritet
Risiko: Kontaktinformasjon eller registrerte opplysningar om skulen kan bli feilregistrerte eller endra utilsikta.
Konsekvens: Låg til middels. Feil informasjon kan skapa praktiske problem i administrasjon av tenesta.
Sannsyn: Låg. Systemet lagrar i hovudsak enkle opplysningar og blir administrert av skulen sine brukarar.
Tiltak:
Ansvarleg ved skulen kontrollerer registrerte opplysningar jamleg.
Rutinar for oppdatering av kontaktinformasjon ved endringar i personalet.
Moglegheit for å korrigere feilregistrerte opplysningar.
Rest-risiko: Låg. Feil kan enkelt rettast opp dersom dei oppdagast.
Tilgjengelegheit
Risiko: Skulen kan mista tilgang til tenesta dersom systemet får tekniske problem eller dersom brukarkontoar blir deaktivert.
Konsekvens: Låg til middels. Aktivitetar og administrasjon av Trivselsleder-ordninga kan bli vanskelegare å gjennomføra.
Sannsyn: Låg. Tenesta har backup-rutinar og drift hos underleverandør.
Tiltak:
Sørgja for at fleire personar ved skulen har administratortilgang.
Rutinar for å oppretta nye kontoar ved personalendringar.
Kontaktpunkt mot leverandør ved tekniske problem.
Rest-risiko: Låg. Tenesta er ikkje kritisk for undervisninga, og driftsavbrot vil ha avgrensa konsekvens.