KI kan vera eit nyttig hjelpemiddel i skulearbeidet når du bruker det på ein klok, ærleg og trygg måte. KI skal hjelpa deg å læra; ikkje gjera arbeidet for deg. Læraren bestemmer når og korleis du kan bruka KI i skulen.
- Du har berre lov til å bruka godkjende KI-verktøy i skulen.
- Følg lærarane sine reglar for når og korleis KI kan brukast.
- Du skal ikkje leggja inn namn, kontaktinformasjon, bilete, personlege meldingar eller andre opplysningar om deg sjølv eller andre i KI-verktøy.
- Ver kritisk og tenk sjølv: KI kan dikta opp feil informasjon, gje mangelfulle svar eller visa til kjelder som ikkje finst.
- Du kan ikkje levera KI-generert tekst, bilete, kode eller anna innhald, og lata som om det er ditt eige arbeid.
- Du kan ikkje bruka KI til å juksa eller for å unngå å læra noko sjølv.
- Når du bruker KI i skulearbeidet, skal du kunna fortelja
- kva du brukte KI til
- kva spørsmål eller instruksjonar du gav
- kva du valde å arbeida vidare med
- kva du endra eller forkasta
- kva som er ditt eige arbeid, og kva som er laga med hjelp frå KI
Munnleg arbeid
Dette kan du gjera
|
Dette er ikkje lov
|
- Be om forslag til disposisjon og måtar å formidla informasjonen på.
- Bruka chatboten som sparringspartnar og til å svara på spørsmål om temaet.
- Få hjelp til å øva på fagomgrep, spørsmål og samtalar.
- Få forslag til korleis ein kan forklara noko med eigne ord.
|
- Bruka KI som erstatning for ein menneskeleg samtalepartnar.
- Bruka KI til å gjera jobben, i staden for å arbeida med oppgåvene sjølv.
- Fortelja og repetera det som ein chatbot har generert, utan å forstå eller reflektera sjølv.
|
Skriftleg arbeid
Dette kan du gjera
|
Dette er ikkje lov
|
- Få hjelp til idéar og inspirasjon.
- Få hjelp til korrektur og forbetring av formuleringar, struktur og grammatikk.
- Få råd om korleis du kan organisera tankar, eller laga ein disposisjon.
- Få hjelp til å forstå læraren sine tilbakemeldingar.
|
- Levera innhald som KI har laga, og lata som at det er ditt eige arbeid.
- La KI skriva heile teksten for deg.
- Stola blindt på forslag frå KI til korrektur og grammatikk, utan å sjekka og tenka sjølv.
- Berre bruka tilbakemeldingar frå KI, og ikkje ta imot og arbeida med tilbakemeldingar frå læraren.
- Lasta opp eller leggja inn andre sine tekstar eller arbeid i KI-verktøyet, utan at læraren har sagt at dette er lov.
|
Finn og søk
Dette kan du gjera
|
Dette er ikkje lov
|
- Få forslag til kjelder, ressursar og søkeord som kan hjelpa deg vidare i arbeidet.
- Få hjelp til å tolka og forstå tekstar som du finn på internett.
- Fortelja når og korleis du har brukt KI i arbeidet ditt.
|
- Bruka KI som einaste kjelde.
- Stola på KI utan å sjekka informasjonen i andre kjelder.
- Bruka KI til å svara, utan å fortelja korleis du har brukt KI.
- Oppgje falske kjelder eller kjelder som du ikkje har sjekka sjølv.
|
Lesing og tekstarbeid
Dette kan du gjera
|
Dette er ikkje lov
|
- Få forklaringar på ord, omgrep og samanhengar.
- Få hjelp til å forstå ein tekst.
- Laga samandrag, gloselister og oppgåver basert på ein tekst som du sjølv har lese.
- Få hjelp til å samanlikna to eller fleire tekstar som du har lese.
|
- Overlata heile lese- og tenkearbeidet til KI. Hugs å lesa teksten sjølv, og prøv å forstå teksten på eiga hand.
- Stola på det som KI føreslår, utan å tenkja kritisk og analysera teksten sjølv.
- Godta samandrag og tolkingar utan å kontrollera dei.
|
Vurdering
Dette kan du gjera
|
Dette er ikkje lov
|
- Følga læraren sine reglar for bruk av hjelpemiddel. Læraren seier om du får lov til å bruka KI, og kva du eventuelt får lov til å bruka KI til.
- Forklara korleis du har brukt KI, kva som er ditt eige arbeid og kva du sjølv har lært og forstått.
- Få øvingsoppgåver, spørsmål og eksempel som hjelper deg å testa om du har forstått temaet.
- Be KI om å laga spørsmål som testar kva du kan om eit tema.
- Få tips til studieteknikk eller arbeidsmåtar.
|
- Bruka KI som erstatning for ditt eige arbeid og læring.
- Juksa ved å bruka KI til å svara for deg i vurderingssituasjonar.
- Bruka KI til å skriva tekstar for deg på førehand, og bruka dette som innlevering eller på ein prøve.
- Bruka KI på ein måte som gjer det vanskeleg for læraren å vurdera kva du faktisk kan sjølv.
|
Råda er utarbeidde av fagnettverk skule i RITS-kommunane: Morten Hetland, Andréas Wahlman, Thomas Kopperstad og Janne Kristin Kåsen.
Kjelder: Osloskolen, Utdanningsdirektoratet, brukarvilkår for Sikt KI og Kopinor.
Sist oppdatert: 21.05.2026.