Personvernrisiko
Låg – Det blir berre lagra personopplysningar for å gje tilgang til tenesta (namn, e-postadresse, brukarnamn, skule).
Salaby er eit digitalt læringsunivers for barnehage og barneskule, der ein finn engasjerande og morosamt innhald som gjev lærelyst!
Gjennom ulike oppgåver, spel, filmar og temaopplegg får elevane engasjerande måtar å læra fag på. Her får du tilgang til innhald for heile barnetrinnet med ressursar i alle fag. Dei største faga og meir er revidert i samsvar med fagfornyinga, med fokus på blant anna problemløysing og tverrfaglegheit.
Låg – Det blir berre lagra personopplysningar for å gje tilgang til tenesta (namn, e-postadresse, brukarnamn, skule).
Kva er behandlingsgrunnlaget?
Nødvendig for å utøva offentleg mynde.
Tenesta er eit læremiddel, slik dette er definert i opplæringslova § 9-4 og forskrifta til opplæringslova, kapittel 17.
Gyldendal Norsk Forlag AS behandlar opplysningar om elevar og lærarar på vegner av kommunen, for å kunna gje tilgang til å bruka det digitale læremiddelet Salaby i undervisninga i grunnskulen.
Blir personopplysningane brukte til…
| … kontrollføremål (skatt, NAV, toll, politi, forsikring)? | – |
| … systematisk og omfattande analyse av personlege aspekt? | – |
| … avgjerder som får betydning for den registrerte? | – |
| … profilering av den registrerte? | – |
| … avdekka ukjende sider eller mønster? | – |
| … vidarebehandling til nye formål (t.d. forsking)? | – |