I desse videoleksjonane lærer du korleis du legg til vurderingsterminar og kolonner for halvårsvurdering på itslearning.
Det første ein må gjera, er å legga til fagterminar i faget. Dette bør ein helst gjera når ein opprettar faget når eit nytt 8. trinn startar på ungdomstrinnet, eller ved starten av skuleåret for barnetrinnet, men dersom ein har gløymt det ut, gjer ein det slik:
Når fagterminane er på plass, kan ein legga til kolonner for halvårsvurdering i vurderingsoversikta. Framgangsmåten er omtrent den same på barnetrinnet og ungdomstrinnet.
Når ein er ferdig med å skriva halvårsvurderingane, er det viktig å fullføra terminen, slik at vurderinga blir synleg for elev, heim og kontaktlærar.