Personvernrisiko
Låg – Det blir berre lagra personopplysningar for å gje tilgang til tenesta (namn, e-postadresse, brukarnamn, skule).
Ryfylkeskulen er ein felles informasjonsportal for dei offentlege skulane i Sauda kommune, Suldal kommune, Hjelmeland kommune og Strand kommune.
Her vil ein finna oversikt over digitale læremiddel som er godkjende for bruk i dei ulike kommunane, pedagogiske tips og råd, og rettleiingar i metode og verktøy.
Redaktørar: Andréas Wahlman, Thomas Kopperstad, Morten Hetland og Janne Kristin Kåsen
Låg – Det blir berre lagra personopplysningar for å gje tilgang til tenesta (namn, e-postadresse, brukarnamn, skule).
Det blir ikkje lagra opplysningar om brukarane av nettstaden. Det er berre redaktørar og administratorar som blir lagra, for å kunna gje dei tilgang til administrasjonssystemet. I tillegg får alle brukarar tilgang til personvernomboda sin kontaktinformasjon, slik me er pålagde i GDPR-kravet om informasjon til brukarane.
Kva er behandlingsgrunnlaget?
Nødvendig for å utøva offentleg mynde.
GDPR og Datatilsynet og Utdanningsforbundet sine rettleiarar om personvern i skulane krev at me informerer brukarane om kva digitale tenester som er i bruk. Me har bygd opp nettportalen Ryfylkeskulen for å kunna oppfylla krava til informasjon, samtidig som me bruker portalen til å utveksla informasjon om bruken av digitale tenester som er relevant for alle kommunane.
Personopplysningane om redaktørar og administratorar blir lagra for å kunna gje dei tilgang til å administrera nettstaden. I tillegg gjev me informasjon om personvernomboda i dei fire samarbeidskommunane.
Blir personopplysningane brukte til…
| … kontrollføremål (skatt, NAV, toll, politi, forsikring)? | – |
| … systematisk og omfattande analyse av personlege aspekt? | – |
| … avgjerder som får betydning for den registrerte? | – |
| … profilering av den registrerte? | – |
| … avdekka ukjende sider eller mønster? | – |
| … vidarebehandling til nye formål (t.d. forsking)? | – |