Kva er behandlingsgrunnlaget?
Nødvendig for å utøva offentleg mynde.
Tenesta er eit digitalt læremiddel, slik dette er definert i opplæringslova §§ 15-3 og 15-6. Som skuleeigar har kommunen ansvar for å ta i bruk eigna læremiddel for å oppfylla læreplanane og gjennomføra opplæring i tråd med opplæringslova. For at læremiddelet skal fungera etter føremålet, må det behandlast personopplysningar om elevar og lærarar, mellom anna for innlogging, tilgangsstyring og arbeid med faglege oppgåver. Denne behandlinga er ein integrert del av undervisninga og vurderingsarbeidet, og er difor ein del av kommunen si lovpålagde utøving av offentleg mynde.
Kommunen behandlar personopplysningar for å kunna bruka digitale læremiddel frå TV2 AS, samt TV2 AS sine innhaldsleverandørar, i undervisninga i grunnskulen. Personopplysningane blir lagra for å gje tilgang til læringsressursane på Elevkanalen, administrera deltakarar og grupper, gjennomføra opplæringa, følgja opp progresjon og vurdera arbeid knytt til kompetansemåla i faget. Dette omfattar mellom anna identifisering av brukarar, rolle- og tilgangsstyring, samt lagring av kurshistorikk og oppgåvesvar. Behandlinga er nødvendig for at kommunen skal kunna oppfylla sitt lovpålagde ansvar for opplæring etter opplæringslova, og skjer som ein del av utøvinga av offentleg mynde innan grunnskuleopplæringa.
Blir personopplysningane brukte til…
| … kontrollføremål (skatt, NAV, toll, politi, forsikring)? | – |
| … systematisk og omfattande analyse av personlege aspekt? | – |
| … avgjerder som får betydning for den registrerte? | – |
| … profilering av den registrerte? | – |
| … avdekka ukjende sider eller mønster? | – |
| … vidarebehandling til nye formål (t.d. forsking)? | – |