Personvernrisiko
Svært høg – Det blir lagra sensitive personopplysningar om elevane, som for eksempel ikkje-anonyme spørjeundersøkingar om læring og trivsel, fritekstfelt som legg opp til å skriva inn sensitive personopplysningar, eller liknande.
AV1 er appen som blir brukt til å styra ein personleg robot. Roboten fungerer som ein stedfortredar for barn som ikkje kan delta på skulen. Ved lengre sjukehusopphald og kronisk sjukdom kan roboten hjelpa barnet med å halda kontakten med klassen og venene sine. Når appen blir opna, blir AV1 skrudd på, og barnet vil sjå og høyra det same som roboten ser og høyrer. Barnet kan snakka med kven som helst i nærleiken av AV1 gjennom høgtalarane. Barnet kan styra roboten sine rørsler ved å sveipa på mobil- eller nettbrett-skjermen.
Svært høg – Det blir lagra sensitive personopplysningar om elevane, som for eksempel ikkje-anonyme spørjeundersøkingar om læring og trivsel, fritekstfelt som legg opp til å skriva inn sensitive personopplysningar, eller liknande.
Gå til No Isolation sine hjelpesider for å lasta ned rettleiar for lærarar, samtykkeskjema, informasjon til brukaren og klassen sine føresette, samt informasjon til klasserommet.
Kva er behandlingsgrunnlaget?
Samtykke.
For å sikra eit gyldig behandlingsgrunnlag, må ein innhenta samtykke frå alle elevar, tilsette og andre som kan koma i kontakt med AV1-eininga under bruk. Føresette må samtykka på vegner av sine barn, sidan elevar ikkje kan gje samtykke på eiga hand.