Om tenesta

Aunivers er ei digital læremiddelplattform frå Aschehoug, som blir brukt i skulen for å gje elevar og lærarar tilgang til digitale lærebøker, oppgåver og andre fagressursar. Tenesta er nettbasert og blir brukt i undervisninga til å arbeida med fagstoff, gjennomføra oppgåver og levera elevarbeid.

Plattforma registrerer aktivitet knytt til oppgåver og læringsressursar, slik at læraren kan følgja elevane sitt arbeid og gje vurdering og tilbakemelding. Elevane kan produsera og levera arbeid i form av tekst, bilete, lyd eller andre digitale uttrykk.

Plattform
Bruksområde
Digital kompetanse
Er tenesta godkjent?
Tenesta er godkjent for bruk i Suldal og Hjelmeland, men ikkje godkjent i Sauda og Strand.
Kva kommunar bruker tenesta?
Innlogging
Feide
Lagring
Filene blir lagra i skyteneste hjå leverandør
Lisensmodell
Tenesta er lisensbasert (betalt)
Personvernrisiko

Middels – Det blir for eksempel lagra personopplysningar i form av elevarbeid, skriftleg eller munnleg, lyd og bilete, eller fritekstfelt som ikkje legg opp til sensitive personopplysningar, samt lagring av brukaren sin identitet, skule, gruppetilhøyring, m.m.

Personopplysningar
  • Tenesta lagrar personopplysningar
  • Følgjande brukarar blir registrerte i tenesta: elevar, tilsette
  • Følgjande personopplysningar blir lagra i tenesta: namn, e-postadresse, målform, brukarnamn, rolle, gruppe, eining, organisasjon, brukarprodusert innhald, undervegs-/sluttvurdering
Databehandlarar
  • Leverandør: Aschehoug AS
  • Underleverandør(ar)
  • Personopplysningar blir ikkje utleverte til tredjepart.
  • Personopplysningar blir ikkje overførte til tredjestat.
Sikkerheitstiltak
  • Rutinar for lagring, sletting og informasjonstryggleik:

    Lagring

    • Aunivers skal berre brukast til pedagogisk arbeid knytt til undervisning.
    • Lærarar og elevar skal ikkje leggja inn sensitive personopplysningar i oppgåver, kommentarar eller vurderingar.
    • Oppgåver bør utformast slik at elevar ikkje blir oppmoda til å dela personlege opplysningar.
    • Aunivers skal ikkje brukast til lagring av dokumentasjon om elevar som høyrer til i skulen sine administrative system.

    Sletting

    • Elevaktivitetar og elevarbeid skal berre lagrast så lenge det er pedagogisk behov for dei.
    • Lærarar bør jamleg gå gjennom elevarbeid og sletta materiale som ikkje lenger er relevant.
    • Ved avslutting av brukarkontoen til elevar eller tilsette kan relevant arbeid eksporterast før kontoen blir deaktivert.
    • Data i tenesta blir automatisk sletta etter 180 dagar utan aktivitet.

    Informasjonstryggleik

    • Innlogging skjer via Feide, og kontoar skal ikkje delast.
    • Tilsette skal vera merksame på at elevar kan skriva fritekst og difor kan leggja inn personopplysningar.
    • Elevane skal få enkel beskjed om at dei ikkje skal skriva personlege opplysningar i oppgåver eller meldingar.
    • Viktige elevarbeid bør eksporterast dersom dei skal oppbevarast over tid.
  • Organisatoriske sikkerheitstiltak: inngått avtale med leverandør, inngått avtale med tilsette, dokumentasjon av tenesta
  • Tekniske sikkerheitstiltak: tilgangsavgrensing, innebygd personvern
Personvernstatus
  • Leverandørerklæring
  • Gjennomført innleiande vurdering?
  • Gjennomført risiko- og sårbarheitsvurdering?
  • Gjennomført vurdering av personvernkonsekvensar?
    N/A
  • Signert databehandlaravtale?
    Suldal, Hjelmeland
  • Revisjonsfrist
    12.03.2027
Personvernombod
Personvernprinsippa

Kva er behandlingsgrunnlaget?
Nødvendig for å utøva offentleg mynde.

Tenesta er eit læremiddel, slik dette er definert i opplæringslova § 9-4 og forskrift til opplæringslova, kapittel 17. Tenesta behandlar opplysningar om elevar og lærarar, for å kunna gje desse brukarane tilgang til tenesta, samt gje brukarane høve til å produsera eige innhald i tenesta.

Føremålet med behandlinga av personopplysningar, er å gje elevar og lærarar tilgang til den digitale læremiddelplattforma Aunivers.no til bruk i undervisninga i grunnskulen. Plattforma blir brukt til å gjennomføra læringsaktivitetar, levera oppgåver og følgja opp elevane sitt arbeid. Aktivitetsdata og vurderingar blir behandla for å gje læraren oversikt over elevane sin faglege framgang, og for å leggja til rette for individuell oppfølging og tilpassa opplæring.

Blir personopplysningane brukte til…

… kontrollføremål (skatt, NAV, toll, politi, forsikring)?
… systematisk og omfattande analyse av personlege aspekt?
… avgjerder som får betydning for den registrerte?
… profilering av den registrerte?
… avdekka ukjende sider eller mønster?
… vidarebehandling til nye formål (t.d. forsking)?
Risiko- og sårbarheitsvurdering

Risiko: Elev kan skriva fritekst i oppgåver eller levera elevarbeid (tekst, bilete eller lyd) som inneheld personopplysningar om seg sjølv eller andre. Desse opplysningane blir då synlege for lærar gjennom vurderingsfunksjonane i Aunivers.

Konsekvens: Middels. Personopplysningar kan bli registrerte i systemet utan at dette er nødvendig for undervisninga.

Sannsyn: Middels. Tenesta legg til rette for fritekst og innlevering av elevarbeid.

Tiltak:

  • Lærarar skal utforma oppgåver slik at elevar ikkje blir oppmoda til å dela personlege opplysningar.
  • Elevane skal få enkel beskjed om at dei ikkje skal skriva personopplysningar i oppgåvesvar.
  • Lærarar skal unngå å skriva personopplysningar i vurderingar og kommentarar.

Rest-risiko: Låg. Med tydeleg pedagogisk praksis blir risikoen vesentleg redusert.

Risiko: Elevsvar, aktivitetar eller vurderingar kan bli endra eller sletta i tenesta utan at brukaren er klar over at dette er lagra som del av elevens læringshistorikk.

Konsekvens: Middels. Kan føra til feil vurderingsgrunnlag eller tap av dokumentasjon av elevarbeid.

Sannsyn: Låg til middels. Oppstår typisk dersom arbeid blir overskrive eller sletta under arbeid i tenesta.

Tiltak:

  • Lærarar skal vera merksame på at vurderingar og aktivitetar er del av dokumentasjonen i tenesta.
  • Viktige elevarbeid kan eksporterast dersom dei skal brukast vidare.
  • Lærarar bør ha rutinar for å kontrollera vurderingar før dei blir avslutta.

Rest-risiko: Låg. Risikoen blir redusert med bevisst bruk av tenesta.

Risiko: Elev eller lærar mister tilgang til elevarbeid, aktivitetar eller vurderingar dersom brukarkonto blir deaktivert eller lisensen til tenesta blir avslutta.

Konsekvens: Middels. Kan føra til tap av elevarbeid eller vurderingsgrunnlag.

Sannsyn: Låg. Oppstår primært ved avslutting av konto, skulebyte eller oppseiing av lisens.

Tiltak:

  • Viktige elevarbeid bør eksporterast og leverast i skulen sitt LMS-system (eksempelvis Skolearbeid, itslearning, Showbie, eller liknande)
  • Skulen bør ha rutinar for gjennomgang av materiale før elevar eller tilsette sluttar.
  • Aunivers skal ikkje vera einaste lagringsstad for elevarbeid som skal oppbevarast over tid.

Rest-risiko: Låg. Med enkle og tydelege rutinar for eksport og gjennomgang blir risikoen vesentleg redusert.

Tilgjengelegheitserklæring
Revisjonsfrist
Frist for å revidera tilgjengelegheitserklæringa: 12.03.2027
Strand kommune
Vel målgruppe: