Rapport: Læringsbrett i Hjelmelandsskulen

Utarbeidd av:

Godkjent av:

Kommunestyret i Hjelmeland kommune

Godkjent dato:

15.06.2023

Innleiing

Ved starten av skuleåret 2019/2020 fekk alle elevane på 1.–10. trinn tildelt kvar sin personlege iPad, som skulle brukast som verktøy i undervisninga.

Tilsette og elevar har sidan innføringa av iPad brukt omgrepet læringsbrett, for å framheva at dei skal brukast til å fremja læring, og at kompetansen dei lærer skal vera uavhengig av kva slags utstyr dei bruker. Det handlar ikkje om å læra seg iPad, men om å læra seg digitale ferdigheiter.

Hjelmelandsskulen har brukt læringsbrett i fire skuleår, og delar av denne perioden har vore prega av heimeskule og oppfølging av elevar i karantene, grunna koronapandemien som braut ut i 2020. Skulane har òg fått nye læreplanar (LK20) og tatt i bruk nye læremiddel i denne perioden.

Våren 2023 gjennomførte me spørjeundersøkingar blant tilsette (1.–10. trinn), elevar (5.–10. trinn) og føresette (5.–10 trinn). Me har fått svar frå 47 tilsette, 168 elevar og 134 føresette, der dei har rangert kor samde dei er i påstandane – frå heilt ueinig (1) til heilt einig (6). I denne rapporten presenterer me resultata av undersøkinga, saman med våre erfaringar med bruk av læringsbrett. Rapporten vurderer òg vidare moglegheiter og utfordringar med bruk av læringsbrett i skulen.

Bakgrunn

Kirke- og undervisningsdepartementet la fram den første stortingsmeldinga om datateknologi i skulen i januar 1984:

Det er verken mulig eller ønskelig å avskjerme vårt samfunn mot den informasjons-teknologiske utvikling. Derimot ser departementet det som maktpåliggende at brukerne av informasjonsteknologien gis den nødvendige opplæring. […] Formålet med bruk av datateknologi som hjelpemiddel må være at elevene kan få en lettere innlæringssituasjon, samtidig som det frigjøres lærertid til omsorg for elever som trenger mer hjelp. […]
I undervisningen kan en effektivisering av innlæring av konkrete kunnskaper bety at det blir mer tid til arbeid med å utvikle forståelse av hvordan kunnskapene kan og bør brukes og hvor opplysningene finnes.
1

IKT blei etter kvart ein stadig større del av undervisninga i grunnskulen, både som eit mål (å læra viktigheita av og bruken av datateknologi) og som eit middel (læring med datateknologi som hjelpemiddel). Likevel var det store forskjellar i både utstyr og kompetanse frå skule til skule.

Ei undersøking frå 2013 viste at ca. ¼ av elevane på 9. trinn hadde så svake digitale ferdigheiter at dei ville ha problem med å kunna delta i skule, yrkesliv og samfunnsliv.2 Kunnskapsdepartementet merka seg at samfunnsutviklinga hadde gått lenger enn dei gjeldande læreplanane:

I lys av samfunnsutviklingen og erfaringene med dagens læreplaner er det behov for å videreutvikle innholdet i digitale ferdigheter som grunnleggende ferdighet og samtidig legge økt vekt på digital teknologi som en integrert del av innholdet i fagene. Teknologiene og mulighetene for å utnytte programvare og teknisk utstyr, i arbeidslivet og som metode i fag, har økt siden innføringen av digitale ferdigheter i Kunnskapsløftet. Det stiller krav til at læreplanene er oppdatert.3

Kunnskapsdepartementet hadde òg merka seg at nye læreplanar i fleire andre land la sterkare vekt på at elevane skulle meistra meir avanserte IKT-ferdigheiter, og at det blei lagt meir vekt på problemløysing og at elevane skulle forstå og produsera IKT, framfor å vera konsumentar av IKT. Desse tankane blei med inn i arbeidet med fagfornyinga (LK20).4

I skuleåret 2016/2017 begynte IT-avdelinga i Hjelmeland kommune å førebu utskifting av elevane sine PC-ar, samtidig som skulane og kommunalsjef oppvekst bad om å få eit digitalt verktøy som ville legga betre til rette for å undervisa i tråd med den komande fornyinga av læreplanane (LK20). Dette skuleåret hadde alle elevane på 7.–10. trinn kvar sin personlege Windows-PC, medan elevane på 1.–6. trinn delte på nokre klassesett med Windows-PC-ar, tilsvarande om lag to elevar per PC. Bruken var stort sett avgrensa til tekstbehandling, rekneark og presentasjonar, samt til å henta informasjon frå nettet. Lærarane brukte òg PC som sitt digitale verktøy, både til administrative og pedagogiske arbeidsoppgåver.

Sauda, Suldal og Strand stod i den same situasjonen som Hjelmeland, så det blei sett ned ei prosjektgruppe med representantar frå IT og oppvekst i alle RITS-kommunane, som skulle vurdera ulike tekniske og pedagogiske løysingar. Det blei tidleg klart at iPad og Chromebook var dei einaste reelle alternativa, med tanke på prisnivå og funksjonalitet. 

Våren 2017 besøkte prosjektgruppa Norheim skole (Karmøy), som hadde brukt iPad sidan skuleåret 2015/2016. I tillegg besøkte prosjektgruppa IT-leverandør Atea i Stavanger, der Jærskulen og Stavangerskulen delte sine erfaringar med innføring og bruk av iPad og Chromebook. Prosjekt-gruppa fekk òg høyra erfaringane frå Marvik skule (Suldal) sitt pilotprosjekt med iPad i skulen. I Hjelmeland hadde me éin iPad og éin Chromebook til utprøving blant elevane på ungdomstrinnet.

Prosjektgruppa enda med å tilrå iPad. Basert på innstillinga frå prosjektgruppa, gjorde RITS-styret i juni 2018 samrøystes vedtak om å tilrå innføring av iPad i skulane i Sauda, Suldal og Hjelmeland. IT-representantane hadde lagt vekt på at ein burde velja eitt system og éi felles løysing for alle kommunane, men RITS-styret var òg innforstått med at Strand kommune heller valde å innføra Chromebook. Innstillinga frå RITS-styret låg til grunn for rådmannen si tilråding då kommunestyret i Hjelmeland vedtok å innføra iPad i Hjelmelandsskulen frå og med skuleåret 2019/2020.5

I den langsiktige utviklingsplanen for Hjelmelandsskulen 2019–2022 blei det slått fast at pedagogisk bruk av IKT i opplæringa, knytt opp mot nytt læreplanverk (LK20), ville vera ei hovudsatsing for Hjelmelandsskulen for skuleåra 2019/2020 og 2020/2021.6

Dei tilsette fekk tildelt iPadar allereie før sommarferien, og dei fekk ei innføring i funksjonane på iPaden, for å gjera dei tryggare på den omstillinga som skulle koma. Skulestarten hausten 2019 starta med at eit eksternt selskap, Rikt AS, fekk i oppdrag å læra tilsette og elevar god bruk av iPad, samt korleis timane skal planleggast og gjennomførast basert på modellen «Den gode økta». «Den gode økta» byggjer på Thomas Nordahl sine prinsipp om kva ein god time skal innehalda.7

Strategi og læreplanverk

Digitale ferdigheter er éin av dei fem grunnleggande ferdigheitene i Rammeverk for grunnleggende ferdigheter, og dei digitale ferdigheitene fekk ein større plass i dei nye læreplanane som blei innførte frå og med skulestart hausten 2020. I rammeverket, som er revidert i samband med fagfornyinga, blir digitale ferdigheiter definert slik:

Digitale ferdigheter vil si å innhente og behandle informasjon, være kreativ og skapende med digitale ressurser, og å kommunisere og samhandle med andre i digitale omgivelser. Det innebærer å kunne bruke digitale ressurser hensiktsmessig og forsvarlig for å løse praktiske oppgaver. Digitale ferdigheter innebærer også å utvikle digital dømmekraft ved å tilegne seg kunnskap og gode strategier for nettbruk.8

Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa 2017–2021 peikar ut retninga for bruken av IKT i opplæringa. Kjernen i strategien er elevane si læring

Gjennom strategiens tiltak skal vi bidra til at skolen utnytter digitale hjelpemidler bedre og ruster elevene til å leve godt både nå og i framtiden.9

Elevene må difor utvikla både kunnskapar, ferdigheiter og haldningar for å kunna meistra liva sine, og kunna delta i arbeid og felleskap i samfunnet.

Digitaliseringsstrategien blei utarbeidd parallelt med arbeidet med fagfornyinga og det nye læreplanverket (LK20). Mange av tiltaka i strategien knytta seg difor til dei nye læreplanane. Eitt av tiltaka i digitaliseringsstrategien var å gje alle elevar opplæring i teknologi, noko som blant anna inneber å forstå og handtera algoritmisk tenking10 og programmering. Teknologi er òg omtalt i den overordna delen av læreplanverket, der det mellom anna står:

I opplæringa skal elevane få rike høve til å utvikle engasjement og utforskartrong. Evna til å stille spørsmål, utforske og eksperimentere er viktig for djupnelæring. Skolen skal respektere og dyrke fram ulike måtar å utforske og skape på.11

I planen for fase 1 av RITS-prosjektet Digitalsatsing i skolen ligg følgjande strategiar til grunn: 

  • Alle elevar og lærarar skal ha sitt personlege digitale verktøy
  • Skuleeigar skal gje systematisk kompetanseheving i bruk av digitale løysingar, slik at lærarane og elevar kan nytte tenestene på ein god og trygg måte
  • Lærarane skal bruka digitale verktøy i opplæringa, for å gjennomføra god og effektiv undervisning.
  • Dialog med føresette om elevane si læring og forhold knytta til det daglege skal i hovudsak gå føre seg på digitale kanalar.
  • Personvern, informasjonstryggleik og digital dømmekraft skal ha ein sentral plass i alt arbeid og omgang med digitale verktøy.
  • Digital infrastruktur og digitale tenester støttar opp under administrative og pedagogiske behov.
  • Må koplast mot innføring av ny læreplan.

Mål og resultat

1. Elevane si læring og utvikling

Det viktigaste hovudmålet handlar om korleis læringsbretta kan fremja læring og utvikling.

1.1. Meir aktive elevar

Innføring av læringsbrett og ny pedagogikk skal bidra til å gjera elevane meir aktive og involverte i eiga læring. Dei skal bli mindre «passive mottakarar» og meir «aktive produsentar».

Dei tilsette i Hjelmelandsskulen har sidan hausten 2019 hatt auka fokus på at elevane skal vera meir aktive i undervisninga. Passive arbeidsmåtar må vika for at elevane skal jobba aktivt med faga

I staden for at elevane skal pugga fagstoff frå lærebøker eller skriva av stikkord som læraren har skrive på tavla, skal lærarane leggja meir vekt på elevaktive oppgåver og arbeidsmåtar, som for eksempel å laga filmar der ein undersøker eller oppsummerer kva ein har lært, eller å spela inn ein podkast der ein drøftar eit fagleg tema. Elevane får òg laga eigne bøker allereie frå og med 1. trinn, og gjennom iMovie lærer elevane tidleg å skapa filmar. 

Satsinga på å få elevane meir aktive i si eiga undervisning har òg vore ein måte å leggja betre til rette for at elevane får bruka meir av seg sjølv i faga, noko som igjen ville føra til meir variasjon i undervisninga og auka motivasjon hjå elevane.

Etter kvart som læringsbretta ikkje lenger er nokon  nyheit, har me merka ei normalisering av aktivitetsnivået og deltakinga til elevane (1.1.2.). Elevane har blitt litt mindre aktive enn dei var den første tida etter innføringa av læringsbrett, men likevel meir aktive enn dei var før læringsbretta.

På lengre sikt er målet at opplæringa skal gje elevane god digitale kompetanse, slik at dei kan delta aktivt i dagens og morgondagens arbeids- og samfunnsliv. Per dags dato veit me ikkje om opplæringa er tilstrekkeleg til å gjera elevane rusta til å delta i morgondagens arbeids- og samfunnsliv, men me dreg utan tvil i riktig retning, og både elevar og tilsette trur at undervisning med læringsbrett gjer elevane betre rusta til å meistra framtidig utdanning og yrkesliv.

1.2. Forenkla og betra opplæring

Samtidig med innføringa av læringsbrett, førebudde me oss på den komande fagfornyinga og innføringa av nye læreplanar (LK20). Undervisninga skal bli meir i tråd med kva framtida ville krevja, og elevane skal vera kreative og skapande med digitale verktøy.

Digitaliseringa handlar på den eine sida om å ta i bruk teknologiske verktøy til skapande og kreative arbeidsmåtar, og på den andre sida til kommunikasjon, samarbeid og organisering.

Fagfornyinga (LK20) har opna for «betre», framtidsretta og meir variert opplæring i skulen, og læringsbretta har vore eitt av midla som gjer det mogleg å oppfylla intensjonane i LK20.

Digitale verktøy gjer det enklare for lærarane å planlegga og gjennomføra undervisninga, elevane får tilgang til oppdaterte læreverk, og skuledagen har blitt meir variert, kreativ og skapande.

Med innføringa av LK20 har det kome ein del digitale læreverk, som me bruker i tillegg til papirbøker. I skuleåret 2022/2023 har me kjøpt lisensar til ti digitale læreverk:

I tillegg til digitale læreverk, som kan samanliknast med ei vidareutvikling av dei klassiske lærebøkene, bruker me mange forskjellige digitale verktøy i Hjelmelandsskulen. Fordelt på dei ulike trinna, har elevane samla sett tilgang til ca. 100 pedagogiske appar og verktøy.

Ein del av appane blir brukte som oppslagsverk, for eksempel til å leita fram ulike grunnstoff i periodesystemet, få oversikt over treslag i naturen eller finna akkordar til songar som kan spelast på gitar. Dei fleste digitale oppslagsverka er søkbare og lett tilgjengeleg på elevane sine læringsbrett, noko som bidreg til å forenkla opplæringa.

Andre appar blir brukte i elevane si læring og skaping, for eksempel til å simulera energi-overgangar, visualisera brøk eller til å bygga 3D-modellar. Digitale læringsverktøy bidrar til å betra opplæringa, mellom anna ved å gjera undervisninga meir interaktiv, slik at elevane sjølv må delta aktivt i opplæringa. I staden for å lesa om alt i lærebøkene, kan elevane for eksempel simulera naturfaglege fenomen, visualisera matematiske samanhengar eller utforska 3D-modellar av kroppen og teknologiske oppfinningar. Appar som Ludenso Create, Tinkercad og Minecraft gjer det òg mogleg for elevane å designa og bygga sine eigne 3D-modellar.

Den tredje kategorien appar er verktøy for samhandling og kommunikasjon, som blir kommentert under mål 4. Samhandling.

1.3. Tilpassa opplæring

Opplæringslova slår fast at opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven.12 Det betyr at alle elevar har rett på tilpassa opplæring, og ikkje berre dei elevane som har rett til spesialundervisning. Å tilpassa opplæringa betyr å tilrettelegga med varierte vurderingsformer, læringsressursar, læringsarenaer og læringsaktivitetar, slik at alle får tilfredsstillande utbytte av opplæringa13.

Tilpassa opplæring skal i størst mogleg grad skje innanfor fellesskapet, gjennom variasjon og tilpassingar til mangfaldet i elevgruppa. God vurdering, der forventingane er tydelege og eleven deltar og blir høyrt undervegs i læringsarbeidet, er ein nøkkel til å tilpassa undervisninga.14

Som nemnt under delmål 1.2. Forenkla og betra opplæring, har læringsbretta gjort det enklare å få tilgang til oppdaterte læreverk og pedagogiske appar og verktøy.

I mange av dei digitale læreverka finst det oppgåver på fleire nivå. Særleg i matematikk er det enkelt å tilpassa undervisninga til kvar enkelt elev, sidan dei får jobba med oppgåver på sitt nivå, i sitt eige tempo. I enkelte læreverk kan elevane sjølv velja oppgåver på sitt nivå, medan andre læreverk gjer det mogleg for læraren å tildela oppgåver til kvar enkelt elev eller til ei gruppe av elevar. Sidan alle elevane likevel jobbar med det same læreverket, unngår ein stigmatisering av elevar som jobbar med oppgåver på eit lågare nivå. Ein annan fordel med digitale læreverk, er at elevar som strevar med å lesa kan få teksten opplesen, anten ved hjelp av talesyntese (tekst-til-tale) eller ved å lytta til ein innlesen tekst. Mange av dei digitale læreverka kombinerer òg tekst og bilete med filmklipp, slik at elevane får informasjon gjennom meir enn berre tekst og bilete.

Ein kombinasjon av opne oppgåver og bruk av pedagogiske appar og verktøy, gjer det mogleg for alle elevane i klassen å jobba med den same oppgåva. Tilpassinga av undervisninga skjer ikkje nødvendigvis berre ved at elevane får tildelt ulike oppgåver på ulike nivå, men at elevane svarer på oppgåvene ut frå sitt nivå. Elevane får òg individuell rettleiing om det vidare arbeidet (undervegs-vurdering), både munnleg og skriftleg, slik at dei endar opp med eit best mogleg resultat. Dei ulike appane og verktøya gjer det enklare for lærarane å følgja med på elevane sitt arbeid undervegs i prosessen, og det er mykje enklare å gje elevane tilbakemeldingar på arbeida deira. 

Med digitale skaparverktøy som eksempelvis Book Creator (laga bok med tekst og bilete), iMovie (redigering av film), Explain Everything (teikning og animasjon), Keynote (presentasjon) og Adobe Express (grafisk design), har det blitt forholdsvis enkelt for alle elevane å laga produkt som «ser bra ut». Det er òg enklare for elevane å velja korleis dei vil visa kompetansen; for eksempel ved å skriva ein artikkel, laga ein film, spela inn ein fagsamtale eller framføra ein munnleg presentasjon.

2. Innhaldet i skulen

Alt for ofte har ny teknologi blitt introdusert i norske skular, utan at det har ført til auka læring for elevane. For sjølv om teknologien endrar seg, er det ikkje nødvendigvis slik at endra pedagogikk og nye arbeidsmåtar følgjer med på kjøpet. Kva må til for at læringsbretta skal bli noko meir enn digitale skrivebøker og lærebøker? Elevane skal ikkje ha meir skjermtid, berre for skjermtida sin del.

SAMR-modellen er utvikla av dr. Ruben R. Puentedura, og forklarer korleis teknologi kan brukast til å auka elevane si læring gjennom å endra undervisning, oppgåvetypar og arbeidsmåtar:

SAMR-modellen, utvikla av dr. Ruben R. Puentedura.
(Illustrasjon: Sylvia Duckworth. Norsk omsetting: Morten Hetland)

I Hjelmelandsskulen har me utfordra dei tilsette til å bruka læringsbretta til nye oppgåver og arbeidsmåtar, som hadde vore utenkelege utan hjelp av læringsbretta, men me har òg rettleia dei tilsette i korleis dei kan bruka læringsbrett som eit verktøy med utvida funksjonalitet og effektivitet.

Dersom me lukkast med å endra undervisninga, og ikkje berre bruka læringsbretta som ekstrautstyr, er me godt i gang med djupnelæring i tråd med LK20. Utforskande oppgåver og meir djupnelæring vil på lengre sikt gjera elevane betre rusta for eit framtidig arbeidsliv som me ikkje veit korleis kjem til å bli, jf. delmål 1.1. Meir aktive elevar og diagram 1.1.3.

På den andre sida skal ikkje læringsbretta brukast ukritisk. Dei tilsette er bevisste på når det er føremålstenleg at elevane bruker læringsbretta, og når elevane kan leggja læringsbretta vekk. Det er ingenting i vegen for å lesa om eit fagleg tema i ei papir-lærebok, og deretter notera stikkord om temaet i eit digitalt tankekart på læringsbrettet, men tankekartet kan òg lagast på papir.

2.1. Digitale ferdigheiter i alle fag

Digitale ferdigheiter er éin av dei fem grunnleggande ferdigheitene i læreplanverket (LK20). Det vil seia at utviklinga av dei digitale ferdigheitene skal skje i samspel med utviklinga av fagleg kompetanse. Lærarane skal difor støtta elevane sitt arbeid med digitale ferdigheiter i alle fag.

Me har sett oss som mål at elevane skal bruka digitale verktøy som ein naturleg del av undervisninga i alle fag. Samtidig må lærarane vurdera når det er føremålstenleg å bruka digitale verktøy, og når det passar best å leggja læringsbretta vekk. Elevane skal få høve til å nå kompetansemåla som handlar om digitale ferdigheiter, i tillegg til at dei skal kunna uttrykka sin faglege kompetanse ved hjelp av digitale verktøy.

2.2. Utvikla digital dømmekraft 

Digital dømmekraft handlar mellom anna om nettvett, opphavsrett, reglar og lover ved deling av bilete, filmar og musikk, kjeldekritikk, ytringsfridom, personvern og mobbing.15 Samfunnsfag har eit særleg ansvar for at elevane utviklar digitalt medborgarskap, med kompetanse-mål om digital dømmekraft på alle trinn (etter 2. trinn, etter 4. trinn, etter 7. trinn og etter 10. trinn).

Bruken av læringsbrett i undervisninga gjer det mogleg å utforska og praktisera digital dømmekraft, noko som bidrar til meir læring enn å berre lesa eller høyra om digital dømmekraft. 

Eksempel på undervisning om digital dømmekraft:

  • 1. trinn: Elevane får tildelt sitt første læringsbrett, og lærer at dei må hugsa passordet sitt, og ikkje dela det med andre.
  • 3. trinn: Elevane lærer å søkja etter informasjon i ulike kjelder, og vurdera kor nyttig informasjonen er til å svara på spørsmåla som dei skal undersøka.
  • 6. trinn: Elevane lager film om eit samfunnsfagleg tema, og lærer at dei berre kan bruka lyd, film og bilete som dei sjølv har opphavsretten til.
  • 8. trinn: Elevane får besøk av Politiet, som gjennom undervisningsopplegget «Delbart?» lærer elevane at det er straffbart å ta, ha eller dela nakenbilete eller -film av nokon som er  under 18 år.

I tillegg til at kompetansemåla i læreplanane blir dekte av dei ulike læreverka, har me mellom anna brukt undervisningsmateriell frå Redd Barna:

3. Lærarane sin kompetanse

Korleis kan bruk av IKT vera eit godt verktøy for å gjera undervisninga betre og auka elevane si læring? Bruk av IKT i skulen fører ikkje automatisk til meir læring, men er avhengig av lærarane sin kompetanse.

For å lukkast med bruk av digitale verktøy i undervisninga, fann me tidleg ut at læringsbretta måtte bli ein del av ein større samanheng. Lærarane sin kompetanse er avgjerande for elevane si læring, men det handlar altså ikkje berre om den teknologiske kompetansen: Lærarane sin pedagogiske kompetanse og fagkompetanse er minst like viktig for elevane si læring. 

Punya Mishra og Matthew J. Koehler, to forskarar ved Michigan State University, har utvikla TPACK-modellen (under), for å forklara samspelet mellom lærarane sin fagkunnskap (CK), pedagogiske kunnskap (PK) og teknologiske kunnskap (TK).

TPACK-modellen, utvikla av Punya Mishra og Matthew J. Koehler.
(Illustrasjon: Morten Hetland)

TPACK-modellen rettleiar lærarane i korleis dei kan integrera teknologi i undervisninga på ein meiningsfull måte. Den beste undervisninga blir gjeven med ein god kombinasjon av teknologi, fagkunnskapar og pedagogikk.

Ei vellukka integrering av teknologi i klasserommet krev dermed at lærarane forstår og tar omsyn til det gjensidige og dynamiske forholdet mellom dei ulike kunnskapane i ulike samanhengar. Ulike faktorar gjer alle læringssituasjonar unike. Dermed vil ikkje éin og same kombinasjon av fagkunnskap, teknologi og pedagogikk vera like aktuell for alle lærarar, klassar eller læringssituasjonar til ei kvar tid.16

For å kunna oppnå læreplanverket (LK20) sine mål om digitale ferdigheiter, og sikra at elevene når dei ulike kompetansemåla, må lærarane kontinuerleg utvikla sin profesjonsfaglege digitale kompetanse (PfDK). Læraren sin PfDK handlar mellom anna om at læraren skal vurdera når, kvifor og korleis bruk av IKT kan føra til meir og betre læring for elevane.

Modell over læraren sin profesjonsfaglege digitale kompetanse, med dei sju kompetanseområda.
Lærarens PfDK består av sju kompetanseområde.
(Illustrasjon: Utdanningsdirektoratet)

Utdanningsdirektoratet sitt Rammeverk for lærerens profesjonsfaglige digitale kompetanse (PfDK)17 er retningsgjevande for Hjelmelandsskulen sitt utviklingsarbeid. Alle kompetanseområda er like viktige, men det er summen av dei som utgjer ein profesjonsfagleg digitalt kompetent lærar.

3.1. Auka lærarane sin profesjonsfaglege digitale kompetanse

Lærarane i Hjelmelandsskulen hadde allereie gode pedagogiske og faglege kunnskapar før me innførte læringsbrett, medan det var eit større sprik i den teknologiske kunnskapen blant lærarane. Sidan starten av prosjektet har me difor vore medvitne på at alle lærarane skal vera med i digitalsatsinga, og ikkje berre dei som på eige initiativ vel å bruka digitale verktøy i undervisninga. 

Alle tilsette fekk opplæring i pedagogisk bruk av læringsbrett ved skulestart hausten 2019: På to av plandagane blei det halde felles kurs for alle lærarane og miljøarbeidarane i Sauda, Suldal og Hjelmeland. Kurset blei halde av kurslærarar frå Rikt AS, og innhaldet var tilpassa dei ulike hovudtrinna som dei tilsette arbeidde mest med.

To veker etter opplæringa for dei tilsette, hadde Rikt AS to opplæringsdagar med elevane, der kurs-haldarane modellerte god bruk av læringsbrett i undervisninga, med dei tilsette som observatørar. 

Etter opplæringsdagane med Rikt AS, har rektorane hatt ansvaret for å utvikla den profesjonsfaglege digitale kompetansen blant lærarane på eigen skule, med hjelp av dei andre i rektorgruppa og pedagogisk IKT-rettleiar (prosjektstilling under oppvekst).

I skuleåra 2019/2020 og 2020/2021 har pedagogisk IKT-rettleiar leia pedagogiske IKT-møte mellom rektorane, nokre kompetansedelingsmøte med erfaringsutveksling mellom skulane, samt bidratt i utviklingstida på kvar enkelt skule.

Ved skulestart hausten 2020 og 2022 heldt pedagogisk IKT-rettleiar dagskurs for nytilsette, der tema var læringsbrett og «Den gode økta».

I skuleåra 2021/2022 og 2022/2023 har pedagogisk IKT-rettleiar brukt mindre tid på møte og utviklingstid,  og meir tid til å modellera undervisning med digitale verktøy for lærarane.

Alle skulane har i tillegg hatt 1–2 lærarar med funksjon som IKT-ressurslærar, som har spelt ei viktig rolle gjennom heile prosjektperioden; både som ad-hoc IT-support, og som støttespelarar for kollegaene sine i den digitale skulekvardagen.

I skuleåret 2022/2023 har me òg lukkast med å få i stand månadlege statusmøte mellom IKT-ressurslærarane og pedagogisk IKT-rettleiar, der ein deler utfordringar og erfaringar mellom skulane. IKT-ressurslærarane og pedagogisk IKT-rettleiar vil òg få fagleg påfyll i mai 2023, då dei skal delta på NKUL (Norsk konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring). Erfaringane frå NKUL skal takast med tilbake til kvar enkelt skule, og leggjast til grunn i vidare utviklingsarbeid.

4. Samhandling

Digitaliseringa har gjort det forholdsvis enkelt å dela informasjon med heimane. Så lenge innhaldet har blitt oppretta digitalt, skal det lite til for å dela informasjonen vidare med dei som treng den.

4.1. Enklare samarbeid med heimane

Med innføringa av læringsbrett og læringsplattformer som Showbie og itslearning, kan lærarane enkelt dela mellom anna vekeplanar, fagplanar og tilbakemeldingar med heimane.

Tidlegare printa ein gjerne ut vekeplanar som elevane tok med seg heim i ranselen, men nå ligg vekeplanane tilgjengelege i OneNote-appen på læringsbretta så snart lærarane har publisert dei. I tillegg er det mogleg å tilpassa vekeplanen til kvar enkelt elev. Enkelte lærarar har òg valt å senda ein kopi av klassen sin vekeplan via Transponder; meldingstenesta som blir brukt i den daglege kommunikasjonen mellom skulen og heimane.

På ungdomstrinnet – der ein bruker itslearning til planlegging av kvart enkelt fag – er det òg enkelt å dela alle fagplanane med heimane for 1–3 skuleår med éi enkelt lenke. Det krev dermed svært lite ekstraarbeid frå lærarane for at heimane skal få innsikt i kva tema klassen jobbar med.

I det daglege arbeidet bruker lærarane læringsplattformene Showbie (1.–10. trinn) og itslearning (8.–10. trinn) til å dela ut oppgåver og vurdera elevane sitt arbeid. Begge læringsplattformene opnar for foreldretilgang, slik at dei føresette kan få innsyn i elevane sine oppgåver og tilbakemeldingar. Vurderingane ligg då tilgjengelege for både elevane og dei føresette til ei kvar tid.

4.2. Kommunikasjon, samhandling og samskaping

Nye verktøy og funksjonar har gjort det enklare for elevane å samarbeida med kvarandre og med lærarane sine. Mellom anna finst det ein innebygd funksjon for samarbeid og samskaping i Pages (tekstbehandling) og Keynote (presentasjon). Fleire av dei digitale tenestene me bruker har òg funksjonar som gjer det mogleg for lærarane å gje tilbakemeldingar direkte i elevane sine arbeid.

Dessutan vil me trekkja fram Teams, som var uvurderleg i heimeskule-perioden våren 2020. Takka vera Teams var det framleis mogleg å gje god nok undervisning og leggja til rette for gruppearbeid, sjølv om alle lærarar og elevar arbeidde frå kvar sine heimar.

Etter heimeskule-perioden følgde òg ein periode der fleire elevar måtte vera heime i smittevern-karantene. Då blei òg Teams redninga, sidan lærarane enkelt kunne senda arbeidsoppgåver heim til elevane, og elevane enkelt kunne spørja lærarane sine om hjelp.

5. Infrastruktur

Det blir sagt at IKT er eit fantastisk hjelpemiddel, så lenge det fungerer, og eit desto større problem når det ikkje fungerer. IT-avdelinga i Hjelmeland har gjort ein god jobb med å sikra internett med god nok kapasitet, tatt ansvar for innkjøp av iPadar med tilleggsutstyr, og vore ein god støttespelar for det pedagogiske personalet.

5.1. Utstyr

Saman med kommunestyret sitt vedtak om innføring av iPad som læringsbrett, blei det òg vedtatt at rådmannen skulle innarbeida kostnader til innkjøp av iPad og oppgradering av teknisk infrastruktur for skulane i økonomi- og handlingsplanen 2019–2020.

Allereie i tilstandsrapporten for Hjelmelandsskulen 2020/202118 signaliserte rådmannen at ein måtte setja av nok budsjettmidlar til å kjøpa inn læringsbrett og tilleggsutstyr med høg kvalitet og funksjonalitet, i staden for å spara pengar på å kjøpa utstyr med dårlegare kvalitet. I hovudsak blei det etterlyst læringsbrett med høgare lagringskapasitet, samt tastatur som kan koplast direkte til læringsbretta utan å måtta ladast opp, og med tastar som ikkje kan plukkast av.

På bakgrunn av innstillinga i tilstandsrapporten, blei det laga ein rulleringsplan for kvar enkelt skule, der me budsjetterte med utskifting av alle læringsbretta i løpet av våren 2022. I rullerings-planen vår har desse iPadane ei estimert levetid på tre–fire år. Frå og med skuleåret 2024/2025 får elevane tildelt ny iPad når dei startar i 1., 5. og 8. trinn, i staden for å skifta ut alle samtidig.

Dei nye iPadane og tastatura har fungert godt, men i løpet av inneverande skuleår har me sett at alt for mange iPadar blir knust, og at elevane får erstatta dei med ny iPad, utan at det blir fylt ut skademeldingsskjema. I dei fleste tilfella ville me ikkje kravd erstatning frå dei føresette, men utan skademeldingsskjema er det heller ikkje mogleg å finna årsakene til den høge slitasjen. Rektorane har blitt bedne om å skjerpa inn rutinane, slik at det i tida framover må fyllast ut skademeldingsskjema før eleven får erstatta iPaden sin.

5.2. Programvare

Som nemnt i delmål 1.2. Forenkla og betre opplæring, har me allereie tilgang til ein god del appar og digitale tenester. Alle appane har blitt vurderte som «trygge nok» før dei blei bestilte og tekne i bruk, men i etterkant har alle kommunane i IT-samarbeidet (RITS) skjerpa inn krava til å vurdera og godkjenna alle nye digitale tenester opp mot personopplysningslova og personvernforordninga (GDPR). Det same må me gjera med alle appar og tenester som allereie er tekne i bruk.

GDPR-vurderinga – og alt som følgjer med – er eit enormt tidkrevjande arbeid. Det betyr at det per dags dato er vanskeleg for lærarane å ta i bruk nye digitale tenester. Heldigvis har me eit godt samarbeid mellom kommunane, og i fellesskap har me fordelt noko av GDPR-arbeidet mellom oss.

Tilbakemeldingar frå brukarane

I undersøkinga blei både elevar, tilsette og føresette spurde om forslag til forbetringar innan bruk av IKT i Hjelmelandsskulen. I dette kapittelet oppsummerer me forslaga til forbetringar frå dei 168 elevane, 47 tilsette og 134 føresette som svarte på undersøkinga. Tilbakemeldingane kjem frå eit mindretal av brukarane, men dei er likevel relevante å ta med seg i det vidare utviklingsarbeidet.

Elevar

  • har lyst på fleire spel på iPaden. (2 innspel)
  • likar ikkje at nettvernet og nettfilteret vårt stenger ulike nettsider. (3)
  • vil at læringsbretta skal brukast meir variert i aktivitetar som kombinerer læring og moro, og ikkje berre til det vanlege og kjedelege. (2)
  • har stadig tekniske problem med Pages-appen. (1)
  • meiner at dei bør få opplæring i rekneark med appen Excel i staden for Numbers. (1)
  • trekk fram at iPaden gjer det lettare å bli frista til å gjera ting som ikkje er læring; at det er lettare å bli distrahert og ufokusert, og meiner at ein lærer betre med bøker og papir. (1)
  • er opptekne av skjermtid, og meiner at skulane bør vera merksame på å ikkje bruka iPaden for mykje, og at ein av og til bør læra gjennom fysisk aktivitet i staden for. (3)
  • meiner at dei minste på skulen ikkje skal ha læringsbrett, og grunngjev med at det er viktig å læra det aller første på papir. (1)
  • på ungdomstrinnet vil at me skal slutta å bruka Showbie som læringsplattform, fordi itslearning gjev betre oversikt. (4)
  • meiner at me burde ha byta ut iPad med PC eller Chromebook. (7) Éin av elevane på ungdomstrinnet grunngjev dette med at læringsbretta er for små og knotete å jobba med.
  • ber om appar og læreverk som er tilrettelagt for tilpassa undervisning, der ein får progresjon og kan følge arbeidet frå forrige time. (1)
  • ynskjer seg eige studio der ein kan laga podkast og spela inn film. (2)
  • vil ha meir programmering i skulen. (1)
  • meiner at nettkapasiteten må bli betre. (10)

Tilsette

  • ynskjer seg meir lokal hjelp, når ein treng det, til bruk av læringsbretta. (3 innspel)
  • vil ha meir fokus på skaparverkstad og kreative undervisningsopplegg. (1)
  • meiner at det kanskje kunne vore like greitt å bruka Chromebook, sidan elevane likevel skal bruka PC i vidaregåande opplæring. (1)
  • saknar ein eigen «bank» med appar som er tilgjengelege for spesialundervisning, tidleg innsats og tilrettelagt opplæring. (2)
  • meiner at klassane bruker for mange ulike plattformer til innlevering av elevarbeid, og at desse bør reduserast til éin eller to som blir brukte i alle samanhengar. (3)
  • er fornøgde med å bruka Skrible som skriveverktøy i norsk-faget, og ynskjer seg noko tilsvarande til skriving av tekstar i engelsk. (1)
  • meiner at det bør vera innarbeid ein skikkeleg rutine for å få alt knytta til IKT til å fungera når nytilsette startar i jobben, sidan det er frustrerande å gå i fleire veker utan å kunna bruka læringsbrettet skikkeleg. (1)
  • meiner at teknologien skal brukast der den er relevant, utan eit stort behov for å måtte gjera den relevant: «ikke tro at digitalisering betyr bedre, dette kalles digital overtro» (1)
  • meiner at ein bør betra ergonomien for dei tilsette, med tanke på uheldig belastning knytta til bruken av iPad til administrativt arbeid, planlegging og kontorarbeid. (1)
  • meiner at det skal vera PCar tilgjengeleg for både elevar og tilsette. (1)
  • meiner at det alltid er vanskar knytta til utskrift. (1)
  • meiner at ein bør utsetja utlevering av iPad til tidlegast 3. trinn, og at 1. og 2. klassingar bør ha eit anna fokus i opplæringa enn det som skjer på skjerm. (1)
  • meiner at ein bør fokusera meir på leik, skriving og praktisk i 1. og 2. klasse, og deretter auka på med digitalisering og utlevering av iPad etter kvart. (2)
  • meiner at nokon bør få i ansvar å gjera vurderingar ut frå GDPR-regelverket. (1)
  • ynskjer seg oppfriskingskurs i pedagogisk bruk av IKT i undervisninga, og éin av desse meiner at opplæringa gjerne bør vera meir spissa, slik at ein får utdanna ressurspersonar som kan bidra med sine kompetansar på tvers av klassar og trinn. (4)
  • meiner at bruken av digitale hjelpemiddel – som skrivestøtte, tale-til-tekst og ordprediksjon – bør gjerast til ein rutine, og ikkje berre visast fram nokre få gonger i løpet av skuleåret. (1)
  • meiner at elevane burde hatt PC på 5.–10. trinn, fordi det blir for mykje trykking på skjerm og utfyllingsoppgåver framfor skriving og tastaturtrening. (1)
  • saknar betre innføring i og oversikt over appar, samt korleis ein kan bruka desse appane effektivt i undervisninga. (1)

Føresette

  • ber lærarane om å slutta å ta bilete av oppgåver for å dela dei ut i OneNote eller Showbie, og heller gje elevane kopi på ark eller i ei oppgåvebok. (1 innspel)
  • meiner at elevane skal kunna lada læringsbrettet på skulen, og ikkje berre heime, sidan ein har opplevd dårleg batteri-levetid på enkelte brett. (1)
  • meiner at det er utfordrande at mange fag berre er digitale, og meiner at det er vanskeleg for eleven, og sikkert for lærarane òg, når dei skal oppsummere eit tema. (1)
  • meiner at det manglar system/program for å få betre oversikt. (1)
  • minnar om at mykje av arbeidet i vidaregåande skular og i jobb skjer på PC. (2)
  • håpar at elevane får opplæring i PC-verda, inkl. Word, Excel og PowerPoint. (7) 
  • meiner at me bør bruka Chromebook, grunna større skjerm og betre tastatur. (1)
  • saknar betre informasjon frå ungdomsskulen om kva læringsbretta blir brukte til, og ynskjer seg foreldretilgang til appar/plattformer som blir brukte på ungdomsskulen. (3)
  • føreslår at gjennomgått pensum blir lagra og kan hentast fram ved behov. (1)
  • vil at elevane skal jobba meir med lesebøker, kladdebøker, handskrift, teikning på papir, i staden for å ha alt på læringsbretta. Éin føresett ynskjer betre skriveopplæring. (3)
  • påpeikar at skulane må ha ei bevisst haldning til bruken av digitale verktøy. (1)
  • vil ha auka fokus på ergonomi, innføring av årlege synsundersøkingar, samt auka fokus på seinskader, både kroppslege og motoriske. (2)
  • ynskjer meir styring av tid og tilgangar på læringsbretta i elevane si fritid. (4)
  • ynskjer større variasjon mellom skrivetrening for hand og på tastatur, og at det skal vera større fokus på skrivetrening for hand dei første åra. (3)
  • meiner at elevane på barneskulen ikkje bør ha tilgang til Teams. (2)
  • er opptatt av at verktøya som blir brukte skal vera på nynorsk. (1)
  • meiner at nettilgangen bør avgrensast, for å sperra tilgang til skadeleg innhald. (1)

Vurdering av brukarane sine tilbakemeldingar

Følgjande vil bli informert om og drøfta med dei tilsette på skulane:

  • Eitt klassesett med PCar er tilgjengeleg på alle skulane. Desse skal først og fremst brukast til programmeringsutstyr som er avhengig av PC for å fungera.
  • Oversikt over appar/tenester som blir brukte i Hjelmelandsskulen, og kva dei kan brukast til.
  • Skjermbruk – Dei tilsette må halda fram det gode arbeidet med å vurdera når læringsbretta bør brukast for å auka læringa til elevane, og når dei bør leggjast vekk. Utgangspunktet for desse vurderingane skal vera SAMR-modellen; og ikkje synsing og meiningar om skjermtid.

Følgjande vil bli tatt med i det vidare utviklingsarbeidet:

  • Spelpedagogikk – Korleis ein kan bruka dataspel i undervisninga?
  • Meir variert bruk av læringsbrett i undervisninga, og variasjon mellom papir og skjerm.
  • Klasseleiing i teknologirike klasserom – Styra elevane sine læringsbrett til fagleg aktivitet.
  • Innkjøp og opplæring i appar til spesialundervisning, tidleg innsats og tilpassa opplæring.
  • Programmering skal vera ein del av matematikk, naturfag, musikk og kunst og handverk, og kan i tillegg brukast som verktøy i mange av dei andre faga.
  • Kompetanseheving i pedagogisk bruk av IKT, inkl. skaparverkstad og kreative arbeidsmåtar.
  • Foreldremøte om IKT og nettvett, der føresette får informasjon, opplæring og tilgangar.
  • Korleis blir skriveopplæringa best mogleg, særskilt i begynnaropplæringa? Ny forsking viser ingen vesentlege forskjellar i om elevane skriv for hand eller på læringsbrett.
  • Utarbeida ein effektiv og straumlinjeforma rutine for «onboarding» av IKT til nytilsette.

Følgjande treng grundigare vurdering før me endrar rutinar/praksis eller kjøper inn utstyr:

  • Utsett innføring av læringsbrett – Kor tidleg skal elevane få utdelt læringsbrett?
  • Samla fagplanar, faginnhald, oppgåver og innleveringar på éi plattform, samt informera om korleis ein deler med dei føresette.
  • Laga film-/lydstudio på Fister og Hjelmeland, basert på erfaringane frå Årdal skule.
  • Utbetra kapasiteten på elevnettet.
  • Gjera det enklare for dei tilsette å få teknisk og pedagogisk hjelp med læringsbretta.
  • Sjekka om det finst eller kan utviklast gode tekstbehandlingsverktøy på engelsk.
  • Skal ein ta bort Teams på 5.–7. trinn òg? (Teams er allereie tatt bort på 1.–4. trinn.)
  • Opna opp for å lada læringsbretta på skulen i skuletida.
  • Tydeleggjera ansvaret for vurdering av appar og tenester opp mot GDPR-regelverket.
  • Meir fokus på ergonomi for elevar og tilsette.

Følgjande vil me ikkje jobba vidare med på nåverande tidspunkt:

  • Nettvernet og nettfilteret kjem ikkje til å bli opna opp, slik at elevane får tilgang til meir informasjon enn det dei allereie har tilgang til. Me sperrar forstyrrande og skadeleg innhald.
  • Opplæring i Word, Excel og Powerpoint, i staden for Pages, Numbers og Keynote. Det er dei sistnemnde appane som fungerer best på iPad, og opplæringa i tekstbehandling, rekneark og presentasjonsverktøy kan enkelt overførast til annan programvare.
  • Byta ut iPad med PC eller Chromebook. Me har gjort grundige vurderingar før me enda opp med å velja iPad for å oppnå føremålet om meir, variert og framtidsretta læring. Deretter har me brukt mykje ressursar på å utvikla ein ny pedagogikk med iPad som læringsbrett.

Vegen vidare

Det viktigaste arbeidet i åra som kjem, er å sikra rutinar for å vareta personvernet. Dette arbeidet har blitt forseinka, grunna uklare ansvarsforhold og at ingen tilsette har spisskompetanse på å vurdera digitale læremiddel og verktøy opp mot personvernforordninga (GDPR).

Me tek òg med oss vurderingane av brukarane sine tilbakemeldingar, og vil spesielt ha meir fokus på samarbeidet mellom skule og heim. Heimane skal få meir og betre informasjon om foreldretilgangar til Showbie og itslearning, samt informasjon om korleis læringsbretta blir brukte i undervisninga og korleis foreldra kan styra skjermtid og restriksjonar heime.

Vidare skal Hjelmelandsskulen halda fram det gode arbeidet med kompetanseheving og erfaringsutveksling, både innan skulane sine eigne utviklingsområde, men òg innan pedagogisk bruk av IKT.

Døme på utviklingsområde som støttar overordna del og kompetansemåla i LK20 er:

  • Mediehus: Elevane publiserer sine eigne produkt som podkast, nettavis eller blogg, eller dei kan senda lesarinnlegg til ulike aviser, eller laga filmsnuttar som dei legg på sosiale media for å påverka andre. Det er òg mogleg å driva eit elevforlag, der elevane i samarbeid skriv og publiserer ei bok. 
  • Programmering: Plattformer og utstyr til koding, algoritmisk tenking, ulike programmerings-språk, mikrokontrollarar med sendarar og mottakarar, etc. 
  • AR/VR/3D-modellering: Engasjerande og kreative læringsprosessar, der elevane skaper sine eigne 3D-modellar (t.d. Minecraft, Ludenso Create, Tinkercad eller JigSpace). Elevane kan sjå sine eigne modellar eller ferdiglaga modellar, anten i eit virtuelt univers på skjermen (VR) eller i utvida verkelegheit (AR).
  • Omvendt undervisning: Elevane førebur seg på eit tema som lekse (ofte ein introduksjonsfilm med tilhøyrande repetisjonsoppgåver og eigenvurdering), noko som frigjer tid til utforsking, drøfting og djupnelæring i klasserommet.

I innspurten av arbeidet med rapporten om læringsbrett i Hjelmelandsskulen 2019–2023,
la regjeringa og KS fram ein ny Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skole 2023–203019, med følgjande hovudmål:

  1. Elever utvikler digital kompetanse i tråd med læreplanverket. Barnehagens digitale praksis bidrar til barnas lek, kreativitet og læring i tråd med rammeplan for barnehagen.
  2. Ansatte i barnehage- og skolesektoren har profesjonsfaglig digital kompetanse til å oppfylle intensjonene i rammeplanene for barnehage og SFO og læreplanverket i skolen, med en kunnskapsbasert tilnærming.
  3. Alle barn, unge og voksne har inkluderende, trygge og gode digitale miljøer i barnehage og skole.
  4. Den digitale grunnmuren og tilgangen til digitale løsninger er bærekraftig, av god kvalitet og bidrar til et likeverdig barnehage- og opplæringstilbud i hele landet.
  5. De digitale tjenestene og informasjonsforvaltningen i barnehage- og skolesektoren har barn, elever, ansatte og foreldre i sentrum, og blir utviklet som sammenhengende tjenester.

Strategien sine ambisjonar og tiltak vil sjølvsagt leggja føringar for det vidare arbeidet med digital utvikling, digital praksis og kompetanse, digitale læremiddel og læringsressursar, samt digital infrastruktur i Hjelmelandsskulen. Me ser fram til å gjera oss betre kjende med innhaldet i strategien, og leggja denne til grunn for utviklingsarbeidet i Hjelmelandsskulen fram mot 2030. 

Oppsummering

Dei fleste elevar, tilsette og føresette er fornøgde med innføringa av læringsbrett i Hjelmelands-skulen. I faktorane som blir presenterte i rapporten, kan ein sjå at svara stort sett drar mot høgre i diagramma, som betyr at respondentane er litt (4), mykje (5) eller heilt (6) einige med påstandane.

Alle faktorane, med to unntak, får ei gjennomsnittleg vurdering på minst 4 av både elevar, tilsette og føresette. Dei to faktorane som får lågare gjennomsnittsvurdering enn 4 er desse: Elevane trekk fram at det kan vera utfordringar med klasseleiing i eit teknologirikt klasserom (gjennomsnittleg vurdering på 3,84 av 6), og dei føresette meiner at skulane bør jobba meir med opplæring i nettvett og korleis ein kan førebygga digital mobbing, krenkingar og uønska hendingar (3,95 av 6).

Nokre få elevar, tilsette og føresette svarer heilt ueinig (1) på mange av påstandane. Dette må kunna tolkast som at enkeltpersonar har hatt dårlege erfaringar med innføring av læringsbretta, eller at dei er generelt skeptiske til digitaliseringa som skulen og resten av samfunnet står ovafor.

Brukarane sine forslag til forbetringar (s. 16–17) er konkrete og relevante å vurdera, men det er faglege vurderingar (s. 18) som skal liggja til grunn for korleis me utviklar Hjelmelandsskulen vidare.

Samla sett har me mest gode erfaringar med innføring av læringsbrett i Hjelmeland. Det har vore nokre utfordringar langs vegen, men i fellesskap har me greidd å finna løysingar. Alle hovudmåla og delmåla i prosjektet er innfridde i større eller mindre grad, og tilbakemeldingane frå brukarane er verdifulle når me skal staka ut den vidare retninga. Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skole 2023–2030 skal liggja til grunn for den langsiktige skuleutviklinga.

Referansar

  1. St. Meld. 39 (1983–1984). Datateknologi i skolen. Kirke- og undervisningsdepartementet. https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1983-84&paid=3&wid=d&psid=DIVL98&pgid=d_0098 ↩︎
  2. St. Meld. 39 (1983–1984). Datateknologi i skolen. Kirke- og undervisningsdepartementet. https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1983-84&paid=3&wid=d&psid=DIVL98&pgid=d_0098 ↩︎
  3. Throndsen, I., O. E. Hatlevik og M. Loi (2015). «Norske elevers digitale ferdigheter i et internasjonalt perspektiv». I: O. E. Hatlevik og I. Throndsen (red.). Læring av IKT: Elevenes digitale ferdigheter og bruk av IKT i ICILS 2013. Oslo: Universitetsforlaget. ↩︎
  4. Meld. St. 28 (2015–2016). Fag – Fordypning – Forståelse: En fornyelse av Kunnskapsløftet. Kunnskapsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-28-20152016/id2483955/?ch=4#kap4-2-p20 ↩︎
  5. Hjelmeland kommune. (07.11.2018). KST-sak 058/18: Strategi for digitalisering av Hjelmelandskulen 1:1. https://www.hjelmeland.kommune.no/api/presentation/v2/nye-innsyn/filer/v-780ab1bc__860c__4b79__9033__32cc09491bc6-305623_7_A!d-2018011717!uFklWc
    ↩︎
  6. Hjelmeland kommune. (23.08.2019). Langsiktig utviklingsplan for Hjelmelandsskulen: 2019–2022. 
    https://www.hjelmeland.kommune.no/_f/p24/ifc61ac7d-efd5-46fe-8c27-552325d44c9b/siste-versjon-langsiktig-utviklingsplan-for-hjelmelandsskulen-2019-2022-444316docx.pdf ↩︎
  7. Statped. (31.10.2019). Pedagogiske og digitale verktøy. https://www.statped.no/laringsressurser/teknologitema/struktur-og-forutsigbarhet-i-det-digitale-laringsmiljoet/pedagogiske-og-digitale-verktoy/hvordan-tilrettelegge/klasseledelse/ ↩︎
  8. Utdanningsdirektoratet. (15.11.2017). Rammeverk for grunnleggende ferdigheter. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeverk/rammeverk-for-grunnleggende-ferdigheter/2.1-digitale-ferdigheter/ ↩︎
  9. Kunnskapsdepartementet. (2017). Framtid, fornyelse og digitalisering: Digitaliseringsstrategi for grunnopplæringen 2017–2021. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/framtid-fornyelse-og-digitalisering/id2568347/  ↩︎
  10. Utdanningsdirektoratet (27.03.2019). Algoritmisk tenkning. https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/profesjonsfaglig-digital-kompetanse/algoritmisk-tenkning/ ↩︎
  11. Utdanningsdirektoratet. (01.09.2017). Læreplanverket: Overordnet del: Skaperglede, engasjement og utforskertrang. https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/opplaringens-verdigrunnlag/1.4-skaperglede-engasjement-og-utforskertrang/ ↩︎
  12. Opplæringslova. (1998). Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (LOV-1998-07-17-61). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1998-07-17-61/§1-3  ↩︎
  13. Utdanningsdirektoratet. (31.03.2022). Tilpasset opplæring. https://www.udir.no/laring-og-trivsel/tilpasset-opplaring/ ↩︎
  14. Utdanningsdirektoratet. (01.09.2017). Læreplanverket: Overordnet del: Undervisning og tilpasset opplæring. https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/3.-prinsipper-for-skolens-praksis/3.2-undervisning-og-tilpasset-opplaring/  ↩︎
  15. Engen, B. K. E., Giæver, T. H. & Mifsud, L. (2017). Digital dømmekraft. Gyldendal Akademisk. ↩︎
  16. Bærum kommune. (ukjent dato). TPACK-modellen. Digital didaktikk. ↩︎
  17.  Utdanningsdirektoratet. (12.11.2021). Rammeverk for lærerens profesjonsfaglige digitale kompetanse (PfDK). https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/digitalisering/rammeverk-larerens-profesjonsfaglige-digitale-komp/  ↩︎
  18.  Hjelmeland kommune. (08.10.2021). KST-sak 062/21: Tilstandsrapport for Hjelmelandsbarnehagen og Hjelmelandsskulen 2020/2021. https://www.hjelmeland.kommune.no/api/presentation/v2/nye-innsyn/filer/v-780ab1bc__860c__4b79__9033__32cc09491bc6-406222_1_A!d-2020032088!yL9qgr ↩︎
  19. Kunnskapsdepartementet. (20.04.2023). Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skole. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/strategi-for-digital-kompetanse-og-infrastruktur-i-barnehage-og-skole/id2972254/ ↩︎
Strand kommune
Vel målgruppe: